Som følgje av årets jordbruksavtale er det fastslege at frakttilskotet denne gong vert oppjustert med 8 millionar kroner.
– Det har vore mange gode ordningar rundt korn- og kraftfôrsektoren. Felleskjøpet Agri har i dag ei moderat differensiering mellom relativt store fraktsoner, men med full utjamning innanfor desse.
- Marknadsmessig krevjande
- Eg legg ikkje skjul på at det er ein marknadsmessig krevjande situasjon for selskapet. Dei som produserar og distribuerar innanfor eit meir geografisk avgrensa område, vil ha gjennomsnittleg lågare fraktkostnadar. Prinsipielt er det ein situasjon som er lik den det har vore fokusert på når det gjeld kjøttsektoren, hevdar Dvergsdal.
– Kva har vore innspel frå Felleskjøpet i dette høvet?
– Vi har lagt vekt på å forklare denne situasjonen for politikarane. Det er eit godt grunnlag å arbeide vidare på når Stortinget i dokumentet om jordbruksoppgjeret sler fast at slik finansiering er viktig og at ein ynskjer å «vidareutvikle» ordninga.
Hva er frakttilskudd?
For at det skal være mulig å drive landbruk på om lag samme vilkår i hele landet, er det avsatt midler over jordbruksavtalen til frakttilskudd for ferdig kraftfôr.
Tilskuddet går til områdene lengst vekk fra de store kraftfôrfabrikkene.I motsetning til de fleste andre ordninger som er relativt grovmasket, er frakttilskuddet svært findelt. Ordningen er derfor svært målrettet og presis.
Fraktilskuddet er viktig for at Felleskjøpet skal holde lave priser i hele landet.
Artikkelen er en forkortet utgave av en sak fra Samvirke nr. 6-7 2010.